| |
Innlegg i Teknologi:
| Ei historie om ein laptop
|
For 4 år sidan gjekk eg til innkjøp av ny laptop - ein flunkande ny Dell Inspiron 5150. Den var noko av det heftigaste ein kunne få tak i, og til ein prislapp på kr. 20.000,- kom maskina med 3GHz P4-prosessor, 512 MB RAM og eit ganske bra nVidia-skjermkort.
Maskina fekk aldri boota windows før linux vart stappa inn, og den fungerte fint i 2 og eit halvt år. Då byrja den å trøble.
Maskina kunne finne på å slå seg av når som helst. Det vart imidlertid verre. Den byrja å slå seg av ved bevegelse.
Til slutt endte maskina med å måtte stå på ein pult. Heilt i ro. Når den skulle brukast måtte ein passe på å ikkje vere nedi plasten med handflatene for det skulle ikkje store tyngda til for at den slo seg av.
Maskina hadde vore brukt ganske intenst og travelt i reiser og gått i golvet ein gong eller to. Logisk resonnement tilsa at dette var grunnen, og etter å ha skrudd den opp vart det klart at bristen låg på hovudkortet.
Først her i forrige veke vart eg klar over at maskina hadde samme problem som ei rekke andre maskiner i samme serie.
Det viste seg at maskina har ein designfeil som konstant slit på ein IC på hovudkortet. Noko som resulterer i at loddetinnet mellom ICen og hovudkortet vert øydelagt.
Eg las vidare at Dell hadde kome til forlik med ei gruppe menneske som gjekk til sak på vegne av alle eigarar av Dells Inspirion 5150 i USA. Etter avtalen skulle Dell skifte ut hovudkort i desse maskinene ved etterspørsel frå kunde.
Desverre gjaldt forliket kun i USA.
Godtruande som eg er tok eg kontakt med Dell Norge for å høyre om dei ville fikse laptopen min. Som svar fekk eg at serviceavtalen min var utløpt, og at eg måtte henvende meg til Dell Spareparts for å kjøpe nytt hovudkort og minneluke - til ein pris av kr. 3.000,-. Det var sjølvsagt langt meir enn eg hadde tenkt å bruke på ein 4 år gammal laptop - då kjøper eg heller ny.
Men først ville eg sjå om Dell ville strekke seg, og sendte mail tilbake.
Det vart sendt totalt tre epostar frå meg, med tre forskjellige svar, og tre forskjellige unnskyldingar.
I den første eposten gøymde Dell seg bak at serviceavtalen var utløpt, og at dei ikkje kunne gjere noko med det.
Ved konfrontasjon om at det var Dell som hadde laga laptopen slik at den ville verte øydelagt i førstninga, prøvde dei å unnskylde seg med at reklamasjonsretten var utgått og det derfor ikkje var noko dei kunne gjere.
Når eg så bemerka at reklamasjonsretten var minimumtid nedfelt i norsk lov fekk eg den tredje og siste unnskyldninga: Dell Spareparts ligg i eit anna land, og dermed kan ikkje Dell Norge gjere noko med saken.
Det er heilt klart at Dell er klar over problemet, sidan dei med ein gong kunne seie kva delar eg måtte bytte. Det er også klart at dei ikkje ønskjer å yte service til en god kunde (ja, eg har kjøpt fleire maskiner frå Dell) om dei ikkje er heilt nøydde. Der heilt nøydde vil seie lovpålagde til å gjere det.
Det er trist at Dell førar ein slik businesspolitikk, og det er synd at dei ikkje vil rette opp i skadar dei sjølv er ansvarlege for.
Eg kjem iallefall ikkje til å kjøpe Dell igjen.
Noko eg derimot er utruleg glad i, er internett!
Etter å ha søkt vidare om laptopen min, fann eg ut nøyaktig kva IC som vart skada, og kor den satt.
Tålmodig skrudde eg oppatt laptopen og sat meg ned med loddebolten.
Etter ei god stund hadde eg lodda på nytt ICen som var skada og skrudd kabinettet saman.
I spenning sat eg i batteriet og skrudde den på. Den var i live. Eg prøvde å dulte i han for å sjå om den skrudde seg av, men den var framleis i live. Jublande løfta eg den utan at den slo seg av. Den fungerer!
..og herregud så deilig det er å kunne ta laptopen med seg rundt igjen!
|
Skrevet av Thomas Presthus 11. November under Teknologi | Ingen kommentarer
|
| Priceless
|
Vart sittande og lese gjennom ein e-post frå Bill Gates. Eg har aldri vore noko stor fan av han, sidan han og imperiet hans representerar eit syn på businesspolitikk og -etikk eg ikkje delar.
Etter å ha lese eposten, er eg imidlertid i det minste litt glad for at Bill Gates også ser kor dårleg Windows er. Nokon må nesten invitere han over hit til Linux-sida.
Mitt favorittsitat frå eposten:
«Someone decided to trash the one part of Windows that was usable? The file system is no longer usable. The registry is not usable. This program listing was one sane place but now it is all crapped up.»
|
Skrevet av Thomas Presthus 06. Juni under Teknologi | Ingen kommentarer
|
|
"- Et noenlunde høyrevridd syn på verden, teknologi og annet fjas."
Juli 2008
Juni 2008
Januar 2008
Desember 2007
November 2007
August 2007
Mars 2007
Desember 2006
November 2006
September 2006
Juni 2006
April 2006
Mars 2006
November 2005
September 2005
Generelt
Klima
Politikk
Samfunn
Sidemål
Skole
Teknologi
Lillebjørn
Vampus
Hablog
Småtuppene
Frepun
A nerd's life
Pusebloggen
Holmbu
...and more to come!
|