| |
| Sidemål påverkar hovudmål!
|
Det er 8. mars igjen. Eg skreiv om konsekvensane etter kvinnedagen i fjor. I år har eg ikkje tenkt å kommentere dagen. Ikkje anna enn at eg framleis tykkjer det er like tåpeleg å bruke ein heil dag på å vise at likestillingskampen har slått feil ut i staden for å kjempe for noko viktig.
Nei, i dag vil eg heller snakke om sidemål og hovudmål. I Førde skal det vere nynorskseminar den 23. mars. (brosjyre)
Temaet for seminaret er "korleis skal nynorsk sjå ut i framtida".
I forbindelse dette evenementet, har lokalavisa Firda ein miniserie skriven av lektor Svein M. Sirnes. Gårsdagens innslag hadde overskrifta Bokmål påverkar nynorsk.
At bokmål påverkar nynorsk, er ikkje noko nytt. Men kvifor gjer det det? Innlegget til Sirnes greiar ut om elevar med nynorsk som hovudmål som slett ikkje kan nynorsk. Vel, eg trur ikkje dei er aleine. Elevar med bokmål som hovdumål kan ikkje stort betre nynorsk!
Men tilbake til kjerna av saken.
"Kva heiter hemmelighet på nynorsk?" spurde ein elev meg nyleg. Dette er ei jente som har budd 18 år i nynorskfylket Sogn og Fjordane, der alle kommunane har nynorsk som offisiell målform. står det i artikkelen
Er det noko rart at jenta ikkje veit at hemmelighet heiter løyndom på nynorsk, når ho ikkje får tid nok til å læra skikkeleg nynorsk? Det er nemleg slik at i Noreg har vi obligatorisk sidemålsundervisning.
Dette er timar der ein skal freista forvirra elevane med å læra dei andra ord og bøyingar. For ikkje å snakke om annan syntaks. Det er jo klart at stakkars elevar ikkje lærar hovudmålet sitt fullt ut når dei faktisk er pålagde å bli forvirra med eit anna mål, som attpåtil påverkar hovudmålet!
Sirnes tek opp problematikken i at bokmål påverkar nynorsk, men går som katta kring grauten og utelet ei løysing. Kva kan vi gjere for at elevar skal verte sterkare i hovudmålet sitt? Vi har hatt to sidestilte skriftmål i 100 år, er det ikkje på tide med fornying?
Gjer elevane ei tjeneste, og gjer sidemålsundervisninga frivilleg! Lat elevane verte dyktigare i hovudmålet sitt.
|
Skrevet av Thomas Presthus 8. mars 2007 under Sidemål |
Ingen kommentarer
|
| |
|
«- Et noenlunde høyrevridd syn på verden, teknologi og annet fjas.»
Verdt et minutt eller to:
Henrik Asheim
Vampus
Torbjørn Røe Isaksen
Hablog
Jan Tore Sanner
Daniel Torkildsen
Remi Iversen
Monica Molvær
Fredrik Punsvik
Øyvind Malin
Pusebloggen
Holmbu
Siste fra twitter:
|