Redd landbruket mens det reddast kan!
Vi bur i eit globalisert Noreg. Vel, iallefall til ein stor grad. Det vil sei at næringar i landet vårt merkar konkurransepress frå utlandet.
Spesielt i skotlina verkar landbruket.

Landbruksnæringa har fått merke at det finnast bønder også i andre land. Bønder som vil konkurrere på den norske marknaden. Bønder frå for eksempel utviklingsland.
Kor vidt vi kan kalle dette fullverdig konkurranse er dog eit godt spørsmål. For det er nemleg ikkje konkurranse.
Dei norske bøndene har eit fortrinn - dei er skattefinansierte!
Nemlig! Dei mottek omlag 20 milliardar kroner i året for å vere bønder. Slik drep vi enkelt og greit einkvar konkurranse frå utviklingsland. Effektivt..

Neste spørsmål: Dersom vi kuttar subsidiene, kva skjer med VÅRE bønder? Dei dør. Blod og helvete, mykje søl og gris - og hest.
Så vi skal altså drepe våre eigne? Dette høyres nesten litt ut som ein sosialistisk revolusjon, vi veit jo alle at "Revolusjonen et sine born".

I fare for å bli stempla som ein ny Stalin eller Hannibal, følar eg no for å klarne opp litt.
Vi kan oppsummere problemstillinga til følgjande:
Internasjonal solidaritet versus nasjonal solidaritet.
Eigentleg er det eit ultimatum (dårleg sådan): Skal vi redde våre eigne bønder, eller bøndene i dei fattige utviklingslandenda?
Alt for mange svarar "våre bønder". Nokon seier "ulandsbønder". Men eg då?
Eg må innrømme at eg førar litt Ole Brumm-politikk her, for eg seier : Jatakk, begge deler.
Eg meiner dette kan vere ein vinn-vinn situasjon. Kvifor skal vi ofre èi folkegruppe mot ei anna?
Vi må da kunne igongsette andre tilretteleggjingar og tiltak enn å kutte subsidene!

Eg foresler derfor følgjande løysning:

  • Reduser GRADVIS subsidiane.

  • Opprett nye støtteordningar som skal bistå bønder med kompetanse og rådgjevning for å utvikle nye produkt, nye driftsmåtar og nye alternativ.

  • Opphev alle effektiviseringshemmande lover. Til dømes bør det ikkje vere regulert kor mange kyllingar du har eller kor mange som kan gå saman i samdrift.


Så får me berre håpe at også regjeringar (og da spesielt dei som opptrer i WTO-forhandlingar i Noregs namn) sørgjar for eit berekraftig norsk landbruk også dei komande åra.

 

Kommenter:

«- Et noenlunde høyrevridd syn på verden, teknologi og annet fjas.»

Verdt et minutt eller to:

Henrik Asheim
Vampus
Torbjørn Røe Isaksen
Hablog
Jan Tore Sanner
Daniel Torkildsen
Remi Iversen
Monica Molvær
Fredrik Punsvik
Øyvind Malin
Pusebloggen
Holmbu


Siste fra twitter:

Fredag 21. mai 14:08
Kan noen forklare meg hva som er så farlig med bilder av øl? http://is.gd/cj2jD
Søndag 9. mai 11:38
@Erviker Nei. Dei som rammast er alle som ikkje gøymer seg vekk. Det skal ikkje vere naudsynt å skjule seg for ikkje å bli kriminalisert
Søndag 9. mai 11:31
♺ @KristianRiise: foreslår at vi endrer navn fra landsmøte til seminar, hvis vi ikke kan vedta noe fordi det er førende for stortingsgruppen
Søndag 9. mai 11:29
Dette ser dårlig ut #hlm.
Søndag 9. mai 11:28
#hlm går til votering over personvern med dissens om #dld
Bloggurat