Landbruksoppgjeret
Staten og Jordbrukets forhandlingsutval vart i dag samde om ny jordbruksavtale.

Med ei økonomisk ramme på 1.2 milliardar kroner omtalast avtalen som ei storsatsing på norsk landbruk. Noko den kunne vore, om ein faktisk satsa på landbruk.

200 millionar av avtalen skal gå til ein ekstraordinær investeringspakke for 2009 - kult nok. Dei 200 millionane skal nyttast til investeringar i jordbruket, rydding langs vegar og bioenergi. Dette var vel å merke 200 millionar staten måtte hoste opp i tillegg til det opprinnelege framlegget for å blidgjere forhandlingsutvalet. Burde dei ikkje heller vore innbakt som ein del av den opprinnelege avtalen, og vist at staten har lyst til å investere i landbruk?

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk seier at ein stor del av avtalen skal finasierast over statsbudsjettet og «dermed blir økningen i matprisene for forbrukerne svært små, og næringsmiddelindustriens konkurranseevne opprettholdes». Eg trur ikkje Brekk sjølv er klar over kva det vil seie. Poenget hans er at auka ikkje skal gå utover forbrukarane. Vel, i staden går det utover alle skattebetalarar i Noreg. Det mest rettferdige ville jo vore å heller auke prisane, slik at norsk landbruk vert finansiert av forbrukarane av norske landbruksprodukt. Denne typen finansiering over statsbudsjettet er ei straffing av dei som ønskjer å kjøpe produkt frå utenlandske bønder eller kjøtt frå Svinesund.

Det som skal prioriterast over statsbudsjettet er direkte tilskot til bøndene, velferdsordningane, auka beiting og miljøtiltak. Godt å sjå at miljøtiltak i det minste skal få pengar. Det er også greit å leggje til at den samla bevilgninga over statsbudsjettet i forhold til tidlegare er på om lag 560 millionar kroner.

I staden for å satse på landbruket og gjenreise bonden som ein reell sjølvstendig næringsdrivande gjer ein landbruket meir avhengig av statlege overføringar, ein gjer det ikkje lettare å starte samdrift, ein mjukar ikkje opp avstands- og volumbegrensingange, ein forbereder ikkje akkurat norsk landbruk på nye internasjonale handelsvilkår og mulegheiter som vil komme i ein framtidig WTO-avtale.

Det er så vanvittig mykje ein kan gjere for å betre og styrke landbruket. Regjeringa, ved landsbruks- og matdepartementet, vel å berre kaste meir pengar på problema og håpe at dei forsvinn.

 

Kommenter:

«- Et noenlunde høyrevridd syn på verden, teknologi og annet fjas.»

Verdt et minutt eller to:

Henrik Asheim
Vampus
Torbjørn Røe Isaksen
Hablog
Jan Tore Sanner
Daniel Torkildsen
Remi Iversen
Monica Molvær
Fredrik Punsvik
Øyvind Malin
Pusebloggen
Holmbu


Siste fra twitter:

Fredag 21. mai 14:08
Kan noen forklare meg hva som er så farlig med bilder av øl? http://is.gd/cj2jD
Søndag 9. mai 11:29
Dette ser dårlig ut #hlm.
Søndag 9. mai 11:28
#hlm går til votering over personvern med dissens om #dld
Søndag 9. mai 11:17
@pix2wrld Livestream: http://is.gd/c1akO
Søndag 9. mai 10:40
«Det kler et frihetsparti som Høyre å stemme mot #dld» på #hlm
Bloggurat