Høyres landsmøte
Ikkje kødd med landbruket!
Ikkje kødd med landbruket!
 «Ikkje kødd med landbruket» seier Bjørn Lødemel
 Foto: Olin Henden

På spørsmål om kva Høgre ville gjere for å betre distriktsappellen svarte Erna Solberg forrige tysdag "Distriktsappell...ja, altså." etterfulgt av stillhet, eller ei på kanten lang kunstpause. Det tok litt tid før partileiaren kom med det ho kalte eit par gode kort i distrikta:

1) Høgre vil ha meir lokal sjølvstyring i kommunane. Meir ansvar og makt skal delegerast frå regjering og fylkesting til kommunestyra.

2) Bøndene må få større råderett til å utvikle eige landbruk.

Begge korta er gode kort, men er ingen tilnærming til distriktspolitikk - begge er sjølvsagte standpunkt hos Høgre! Eigedomsrett og lokalt sjølvstyre er like viktige i sentrale, som i grisgrendte, strøk!

Sjølv er eg frå Sogn og Fjordane - eit ekte distriksfylke. Det er reint vanskeleg å drive valkamp i eit slikt fylke utan å ha ein reell distrikts- og landsbruksprofil og politikk. Høgre manglar dette!

Eg vart derfor glad av å høyre Bjørn Lødemel sitt innlegg tidleg på Landsmøtet i dag, der han sa «Ikkje kødd med landbruket!».

Og det har han all rett til å seie, for det ligg mykje bra i Høgre sitt framlegg til valgprogram:

Høgre ønskjer at omstillingane i jordbruket skal tilrettelegge for lønnsam ivaretakelse av måla i klimapolitikken. Vidare ønskjer ein at næringa og statlege myndigheitar leggje til rette for framleis modernisering av drifta slik at næringa vert best mogleg rusta for framtida. Høgre ønskjer dessutan også å halde fram med subsidiering av landbruket, men at tilskota skal vere meir og målretta og mindre byråkratiske i dag.

Det eg saknar er korleis ein skal hjelpe til med moderniseringa. Ei løysning kan vere å binde meir av subsidiepengane til reformering. La oss gje bønder gulrøter i form av tilskot til reformering og modernisering. La pengane hjelpe landbruket til å finne nye driftsmåtar og nye måtar å tjene pengar på.

Det varmar å sjå at Høgre ser på den frie og sjølvstendige bonden som eit ideal, og har tru på at det ligg store potensiale verdiar i landbruket.

I tillegg kjem deregulering av eit håplaus lovverk som set tak på antal deltakarar i samdrift, buplikt, avstands- og volumbegrensingar.

Eg håpar Høgre sitt landsmøte høyrer på Bjørn Lødemel og ikkje køddar med det som står om landbruk i programmet: Dette er mykje god høgrepolitikk og vil vere ein flott distriktsappell!

 

Kommenter:

«- Et noenlunde høyrevridd syn på verden, teknologi og annet fjas.»

Verdt et minutt eller to:

Henrik Asheim
Vampus
Torbjørn Røe Isaksen
Hablog
Jan Tore Sanner
Daniel Torkildsen
Remi Iversen
Monica Molvær
Fredrik Punsvik
Øyvind Malin
Pusebloggen
Holmbu


Siste fra twitter:

Torsdag 3. des 20:01
@tkalve Finnes det ikke gode baristaer i Egersund?
Tirsdag 1. des 19:41
@Orjas Du gjorde en bra jobb på #Tabloid. Hadde forventet bedre av Buchardt. Synd Teige ikke hadde kontroll på debatten
Tirsdag 1. des 18:21
Noen må snart lære Trude Teige hvordan hun leder en debatt #tabloid #tv2
Tirsdag 1. des 18:08
Bent Stiansen sier på #Tabloid at nordmenn utdanner seg feil. Flere kokker enn siving.? Da blir ikke Norge levedyktig i fr.tiden
Søndag 29. nov 04:00
@ajulvestad og det smaker bra ;)
Bloggurat