| |
| Berre ta deg godt til rette
|
Eg har gått i klasse med mange innvandrar gjennom grunnskulen og vidaregåande, og har ikkje sett dei ha nevnverdige problem med å kome inn i skulesystemet vårt og delta i undervisninga. Faktisk har dei fleste kunne bidra med kunnskap og evner vi ikkje hadde.
Men eg må seie at eg får ein litt dårleg smak i munnen av å lese utsegna til Athar Ali.
"- Det handler om skolene, ikke barna, sier Ali, som mener det er et stort problem at
skolen nå favoriserer typisk «norsk» kunnskap."
Det Ali ikkje har fått med seg, er at 1) skulane eigentleg er der for borna og det slik faktisk er borna det handlar om, og 2) det er norske skular, i Noreg - ergo norsk kunnskap.
Eg skjønar godt at det er vanskeleg å kome til eit framand land og skulle lere om nye ting, men det vert ikkje lettare av at høgtståande personar innanfor Norsk innvandrerforum kjem med slike utsegner.
Ei heller hjelper det at nevnte ønskjer å "ha mer undervisning om Tyrkia og Pakistan på norske skoler".
Det er èin ting å få tilpasning - sjølvsagt skal vi gjere det lettast mogleg for innvandrarelevar å delta i skulekvardagen. Det er også bra at innflyttarane finn seg til rette og slår seg til ro her i landet.
Men det finnast grenser for kor godt ein skal ta seg til rette. Det må vere opp til foreldrene av borna å oppsede dei etter sin kultur, og lere dei om kulturen dei kjem frå. Det er ikkje ei statleg oppgåve å drive med barneoppseding.
|
Skrevet av Thomas Presthus 01. Januar under Samfunn |
Ingen kommentarer
|
| |
Kommenter:
|
|
"- Et noenlunde høyrevridd syn på verden, teknologi og annet fjas."
Juli 2008
Juni 2008
Januar 2008
Desember 2007
November 2007
August 2007
Mars 2007
Desember 2006
November 2006
September 2006
Juni 2006
April 2006
Mars 2006
November 2005
September 2005
Generelt
Klima
Politikk
Samfunn
Sidemål
Skole
Teknologi
Lillebjørn
Vampus
Hablog
Småtuppene
Frepun
A nerd's life
Pusebloggen
Holmbu
...and more to come!
|