| |
Innlegg fra November 2007:
| Storebror ser deg!
|
Regjeringa vil ha rushtidavgift. Ei avgift som rammar blindt, og rammar alle som ikkje har mulegheita til velje bort bilen. Den rammar småbarnsfamiliane som skal i barnehagen, barnefamiliane som skal på skulen og den rammar småbedriftene som skal rundt omkring for å utføre og levere tjenester.
Dette er ei svært usosial avgift, då det blir den reinaste gåvepakka til dei rike som lett kan betale og nyttar bilen uansett.
I denne anledninga har Sponheim kome på bana og vil gjere det lettare å ta bussen. Kjempeflott, eg er heilt samd. Det skal vere lett å ta bussen: Det må gå buss ofte og det må ikkje koste allverden.
Det eg imidlertid vil stille spørsmålsteikn ved, er at Sponheim vil merke oss med databrikker. For å gjere det lett å gå på bussen, skal vi bere ei RFID-brikke som registrerar at vi går på bussen.
Dette virkar i seg sjølv som ein god idè, og det er det. Men den praktiske gjennomføringa er litt verre. Det kan nemleg gjerast på to måtar.
Det eine er med forhåndsbetaling. Då får vi ei brikke som ikkje inneheld personopplysingar, men berre kor mykje pengar du har lada opp. Eg veit imidlertid at eg personleg ikkje kunne tenkt meg å forhandsbetale for bussen, for da må du tenke på å ha lada opp brikka før du tek bussen. Ikkje akkurat lettare.
Den andre måten er med etterskotsbetaling. Her vert det registrert at du går på bussen, og du får faktura i etterhand.
Kva vil det seie i praksis? Jo, det vil seie at ein plass lagrast det informasjon om at du, ditt navn, di faktureringsadresse, har gått på den og den bussen klokka da og da. Effektiv sporing? Så absolutt.
Faretruande? Utan tvil.
Eg må seie meg svært skeptisk til eit storebrorsamfunn som veit kvar du går og kvar du er. Det skal så lite til for at ein byråkrat med tilgang til dataene stel dei og sel dei vidare. Eg likar det ikkje.
Då vil eg heller prioritere eit betre kollektivtilbod i Sogn og Fjordane. Bussar som går oftare, og gjerne litt mindre og lettare, slik at dei slepp ut mindre CO2. Miljøvenlege bussar må snart kome på bana!
|
Skrevet av Thomas Presthus 11. November under Samfunn |
Ingen kommentarer
|
| Lærarevaluering no!
|
8 av 10 elevar kjedar seg på skulen. 1 av 5 elevar går ut av skulen utan å kunne lese og skrive skikkeleg. Men er det noko rart med mange av lærarane vi har i skulen?
Eg har hatt min porsjon med dårlege lærar, dei er ikkje sjeldne - og ei heller noko fenomen. Vi kan ikkje alle ha like gode pedagogiske evner. Vi kan ikkje alle vite alt vi skal, men ein lærar bør kunne jobben sin.
Dersom du ikkje kan jobben din i næringslivet, har du som regel to alternativ: kurse deg opp så du klarer den, eller slutte. Det er meir eit ultimatum enn alternativ.
Ei verksemd er avhengig av kompetent personale, og har ikkje råd til å lønne personar utan rett kompetanse.
I skulevesenet derimot, stillast det ingen slike ultimatum. Har du først kome inn som lærar sit du trygt! Uansett kor ræva du er.
Vi er nødt til å kvalitetssikre undervisninga når vi veit at det står dårlig til med utdanningsvesenet i Noreg.
Vi må setje krav til elevane, men også til lærarane. Læraren er alfa og omega i ein læringssituasjon og store deler av framtida til ein elev ligg i læraren sine hender.
Vi i Høgre vil innføre lærarevaluering. Det vil seie at eg og du som elevar kan fylle ut eit skjema om læraren vår. Seie kva læraren er flink til og kva ho ikkje er så flink til.
Med grunnlag i desse vurderingane kan skulen setje inn tiltak for å betre lærarstanden - med særskilt fokus på etterutdanning og kursing.
Ein kan også nytte lønnsdifferansiering blant lærarane. Lærarar med gode vurderingar og som har elevar med gode resultat bør få høgare løn enn ein lærar som ikkje klarar å lære frå seg.
Det er også naudsynt med ei generell lønsauke i læraryrket for å igjen gjere det til eit statusyrke. Det må til for å sikre fleire kompetente, gode lærarar som ellers ville valgt ei anna yrkesretting.
Cluet til å forbetre skulen er da:
1. Gjere læraryrket til eit statusyrke
2. Kunnskap om skulen og lærerkreftene
3. Evaluering av lærarane, og
4. individuelle tiltak for lærarar utifrå overnevnte punkt.
Evaluer din lærar i dag ved å klikke her!
|
Skrevet av Thomas Presthus 11. November under Skole |
Ingen kommentarer
|
| Skatteskremde
|
NRK Sogn og Fjordane skriv:
Sogn og Fjordane Senterparti kjempar småkraftverka si sak mot eiga regjering. Dei meiner småkraftverk må løne seg, og at Stortinget difor må endre regjeringa sitt skatteopplegg for småkraftverka.
..artikkelen talar for seg sjølv. Vi må gjerne ha høge skattar, men så snart det råkar nokon av våre eigne er det fyfy?
Ellers er eg positivt overraska over at SP meiner at noko skal løne seg. Ein skulle jo tru at subsidiegalskapen deira var rotfesta i eit syn om at landbruk ikkje skal vere lønsamt.
|
Skrevet av Thomas Presthus 11. November under Politikk |
Ingen kommentarer
|
| New look
|
Så var det på'n igjen da!
Bloggen har vore nede nokre månadar grunna manglande backuprutine på personlege filer. Heldigvis gjekk ikkje databasen tapt, så kommentarar og innlegg er her framleis.
Har nytta høvet til å innføre eit litt meir minimalt design. Vonar det fell i smak!
Backend av bloggen er dessuten ny, og denne gongen skriven i python.
Sjå gjerne gjennom gamle og nye innlegg. Eg har, i tillegg til dei gamle, lagt inn det meste eg har hatt av innlegg på mine alternative bloggar blog.hoyre.eu og "Drømmer om å lykkes".
|
Skrevet av Thomas Presthus 11. November under Generelt |
3624 kommentarer
|
| Ei historie om ein laptop
|
For 4 år sidan gjekk eg til innkjøp av ny laptop - ein flunkande ny Dell Inspiron 5150. Den var noko av det heftigaste ein kunne få tak i, og til ein prislapp på kr. 20.000,- kom maskina med 3GHz P4-prosessor, 512 MB RAM og eit ganske bra nVidia-skjermkort.
Maskina fekk aldri boota windows før linux vart stappa inn, og den fungerte fint i 2 og eit halvt år. Då byrja den å trøble.
Maskina kunne finne på å slå seg av når som helst. Det vart imidlertid verre. Den byrja å slå seg av ved bevegelse.
Til slutt endte maskina med å måtte stå på ein pult. Heilt i ro. Når den skulle brukast måtte ein passe på å ikkje vere nedi plasten med handflatene for det skulle ikkje store tyngda til for at den slo seg av.
Maskina hadde vore brukt ganske intenst og travelt i reiser og gått i golvet ein gong eller to. Logisk resonnement tilsa at dette var grunnen, og etter å ha skrudd den opp vart det klart at bristen låg på hovudkortet.
Først her i forrige veke vart eg klar over at maskina hadde samme problem som ei rekke andre maskiner i samme serie.
Det viste seg at maskina har ein designfeil som konstant slit på ein IC på hovudkortet. Noko som resulterer i at loddetinnet mellom ICen og hovudkortet vert øydelagt.
Eg las vidare at Dell hadde kome til forlik med ei gruppe menneske som gjekk til sak på vegne av alle eigarar av Dells Inspirion 5150 i USA. Etter avtalen skulle Dell skifte ut hovudkort i desse maskinene ved etterspørsel frå kunde.
Desverre gjaldt forliket kun i USA.
Godtruande som eg er tok eg kontakt med Dell Norge for å høyre om dei ville fikse laptopen min. Som svar fekk eg at serviceavtalen min var utløpt, og at eg måtte henvende meg til Dell Spareparts for å kjøpe nytt hovudkort og minneluke - til ein pris av kr. 3.000,-. Det var sjølvsagt langt meir enn eg hadde tenkt å bruke på ein 4 år gammal laptop - då kjøper eg heller ny.
Men først ville eg sjå om Dell ville strekke seg, og sendte mail tilbake.
Det vart sendt totalt tre epostar frå meg, med tre forskjellige svar, og tre forskjellige unnskyldingar.
I den første eposten gøymde Dell seg bak at serviceavtalen var utløpt, og at dei ikkje kunne gjere noko med det.
Ved konfrontasjon om at det var Dell som hadde laga laptopen slik at den ville verte øydelagt i førstninga, prøvde dei å unnskylde seg med at reklamasjonsretten var utgått og det derfor ikkje var noko dei kunne gjere.
Når eg så bemerka at reklamasjonsretten var minimumtid nedfelt i norsk lov fekk eg den tredje og siste unnskyldninga: Dell Spareparts ligg i eit anna land, og dermed kan ikkje Dell Norge gjere noko med saken.
Det er heilt klart at Dell er klar over problemet, sidan dei med ein gong kunne seie kva delar eg måtte bytte. Det er også klart at dei ikkje ønskjer å yte service til en god kunde (ja, eg har kjøpt fleire maskiner frå Dell) om dei ikkje er heilt nøydde. Der heilt nøydde vil seie lovpålagde til å gjere det.
Det er trist at Dell førar ein slik businesspolitikk, og det er synd at dei ikkje vil rette opp i skadar dei sjølv er ansvarlege for.
Eg kjem iallefall ikkje til å kjøpe Dell igjen.
Noko eg derimot er utruleg glad i, er internett!
Etter å ha søkt vidare om laptopen min, fann eg ut nøyaktig kva IC som vart skada, og kor den satt.
Tålmodig skrudde eg oppatt laptopen og sat meg ned med loddebolten.
Etter ei god stund hadde eg lodda på nytt ICen som var skada og skrudd kabinettet saman.
I spenning sat eg i batteriet og skrudde den på. Den var i live. Eg prøvde å dulte i han for å sjå om den skrudde seg av, men den var framleis i live. Jublande løfta eg den utan at den slo seg av. Den fungerer!
..og herregud så deilig det er å kunne ta laptopen med seg rundt igjen!
|
Skrevet av Thomas Presthus 11. November under Teknologi |
1 kommentarer
|
| Spons ein kommune!
|
NRK skriv i dag:
- I fotballverda har ein mange private sponsorar som spyttar inn pengar for å fremje idretten. Eg syns det er ein opplagt vinn-vinn-situasjon for kommunane også, seier Rasmussen.
- Næringslivet og kommunen bør inngå sponsoravtalar. Då kan kommunen vere med å profilere bedrifta, samtidig som næringslivet kan yte pengar til kommunekassa. Då kan ein få råd til å bygge ut skular, gangvegar og idrettsanlegg, påpeikar ho vidare.
Dette hadde sikkert vore idè - dersom ein også fjernar beskatning av næringsinntekt. Men eg slit med å sjå korleis det skal fungere.
Kvifor skal bedrift X sponse kommunen?
Som artikkelen seier, krev det at næringslivet får noko tilbake - eg ventar på framlegg.
|
Skrevet av Thomas Presthus 11. November under Politikk |
2 kommentarer
|
|
"- Et noenlunde høyrevridd syn på verden, teknologi og annet fjas."
Juli 2008
Juni 2008
Januar 2008
Desember 2007
November 2007
August 2007
Mars 2007
Desember 2006
November 2006
September 2006
Juni 2006
April 2006
Mars 2006
November 2005
September 2005
Generelt
Klima
Politikk
Samfunn
Sidemål
Skole
Teknologi
Lillebjørn
Vampus
Hablog
Småtuppene
Frepun
A nerd's life
Pusebloggen
Holmbu
...and more to come!
|