| |
Innlegg fra August 2007:
| Eit miljøvenleg fylke?
|
Klimadebatten har endeleg roa seg litt. På tide med ein liten pause før valkampen set i gang for fullt, men skal vi gi frå oss jorda i skikkeleg form til neste generasjon har vi ikkje råd til noko pause.
Det er lett å tenke lange linjer og sjå både verda og Noreg og som eitt i klimaspørsmålet. Vi må redusere CO2-utsleppa, men veit ikkje kvar vi skal starte. Regjeringa vil helst ikkje gjere anna enn å kjøpe seg avlat, og vi endar opp der vi starta.
Eg trur vi må byrje med å sjå kva tiltak vi kan setje inn på lokalt plan. Kva kan vi gjere i Sogn og Fjordane?
- Vi produserar allereie kjempegrønn energi - vatnkraft - burde ikkje det vere nok?
- Vi har jo allereie bussar - burde vi ikkje vere nøgde?
- Enkelte går og syklar allereie til jobb - held det ikkje?
Svaret til alle spørsmåla er nei. I ei så utfordrande, komande klimakrise som vi ser i dag kan vi ikkje kvile og late oss og håpe på det beste.
Vi har buss, ja. Men bussen går på diesel og slepp ut mykje både CO2 og støvpartiklar som ikkje er så gode vener med klimaet. Eg vil ha gassdrevne bussar. I første runde i enkelte kommunar, der det vert satt krav til billaga til t.d. 50% gassopererte ruter.
Kommunane sit i dag på mange køyretøy. Køyretøy som i likheit med andre bilar spyr ut enorme mengder klimagift. Sjølvsagt burde det offentlege gå foran med eit godt eksempel. Eg vil at alle nyinnkjøp av køyremiddel i kommunane i fylket skal, så langt det er mogleg, vere miljøvenlege. Gass, hybrid, bioethanol, elektrisk, you name it.
Men miljøvenlege bilar legg opp til ei lita avsporing: drivstoff. Vi har omtrent ikkje hydrogenstasjonar i fylket.
Det vil seie at dersom ein faktisk går til innkjøp av ein hydrogenbil, vert det tilnærma umuleg å fylle tanken i Sogn og Fjordane. Er ikkje det passe bakstreversk? Eg tykkjer det. Derfor vil eg ha fleire hydrogenpumper, men korleis skal vi klare det?
Løysinga ligg etter mi meining i marknaden. Dersom heile det offentlege vesen i fylket går over til hydrogenbaserte bilar, vil det tvinge seg fram. Bensinstasjonane vil ikkje tape inntekta frå bensinsalet, og kjem ved etterspørsel nok til å komme med hydrogentapping.
Det er ikkje muleg å sykle overalt. Pendlar du mellom Utvik og Stryn er det ikkje så aktuelt å sykle til jobb. Men bur du i Stryn og jobbar i Stryn, er det fullt muleg. Det same gjeld i Førde, på Eid, i Florø, i Måløy og eigentleg over heile fylket.
Likevel er det bilane som pregar trafikkbildet. Ingen skal tvinge deg til å sykle, men dersom du kan sykle i staden for å køyre, er det kanskje på tide at du gjer ditt for miljøet.
Kanskje er det på tide med personleg initiativ, og ikkje berre politikarane sitt.
Ein bør imidlertid leggje opp til ei ordning som stimulerar til meir sykkelbruk. Kjem du ut for punktering på veg til jobb, får du gratis buss? Syklar du får du litt mindre å betale i skatt? Til dømes kan sykling gje fritak frå eigedomsskatt der den er innført.
For ikkje å snakke om alle pengane du sparar i bensin på å sykle!
I tillegg til å sykle kan ein dessutan gå. Det krev imidlertid at det opprettast samanhengande naturstiar og vegar gjennom bygdene. Vegar som gjer at ein kan gå heimfrå til jobben utan fare for å bli nedkøyrd eller bli utsatt for store mengder eksos.
Alt i alt kan ein gjere massevis i Sogn og Fjordane for å betre miljøet. Det er berre tiltakslyst og evna til å stå på som trengs. Vi må slutte å sitte på ræva og håpe på at nokon snart tek ballen. Eg har kome med eit par framlegg til miljøbetring her, men ønskjer fleire! Nytt kommentarfeltet og kom med innspel til kva vi kan gjere her i fylket.
|
Skrevet av Thomas Presthus 08. August under Klima |
Ingen kommentarer
|
|
"- Et noenlunde høyrevridd syn på verden, teknologi og annet fjas."
Juli 2008
Juni 2008
Januar 2008
Desember 2007
November 2007
August 2007
Mars 2007
Desember 2006
November 2006
September 2006
Juni 2006
April 2006
Mars 2006
November 2005
September 2005
Generelt
Klima
Politikk
Samfunn
Sidemål
Skole
Teknologi
Lillebjørn
Vampus
Hablog
Småtuppene
Frepun
A nerd's life
Pusebloggen
Holmbu
...and more to come!
|